Åtvarar mot uthuling av lova - Norges Skogeierforbund
Hopp til innholdet arrow_downward

Åtvarar mot uthuling av lova

Norges Skogeierforbund åtvarar mot at regjeringas forslag kan undergrave konsesjonsloven. Dei tek til orde for personleg og lokalt eigarskap til naturressursane og ber Stortinget kreve utgreiing av konsekvensane.

 

Blant forslaga som Norges Skogeierforbund fryktar langt på veg kan undergrave dagens lovverk er forslaget om konsesjonsfritt kjøp etter fem års leige. Det er eit forslag også Norges Bondelag har gått kraftig ut mot før.

– Det forslaget vil undergrave heile grunnlaget for loven. Om ein kan unngå plikta til å søke konsesjon ved først å inngå leigeavtale, så blir loven i praksis ikkje effektiv lenger. Vi legg til grunn at det ikkje vil skje. Eg vil bli svært overraska om KrF og Venstre går med på det, seier administrerande direktør Erik Lahnstein i Norges Skogeierforbund.

Skogeigarforbundet seier ei rekke av forslaga er for dårleg utgreidd. Dei slaktar prosessen og ber Stortinget gripe inn.

– Generelt burde utgreiinga av forslaga vore langt grundigare. Eg vil gå så langt som å kalle det ein uforsvarleg lovprosess med tanke på kor store dei langsiktige konsekvensane kan bli, seier Lahnstein, som viser til at Regelrådet også har gitt utgreiinga strykkarakter.

Skogeigarforbundet støtter likevel fjerninga av priskontrollen på reine skogeigedommar, noko også bransjeorganisasjonen Treindustrien går inn for.

– Det er ut frå ei pragmatisk vurdering. Prisnivået er slik at priskontrollen uansett ikkje har så stor effekt. Noko høgare prisar kan òg vere akseptabelt, seier han.

Skogeigarforbundet er kritisk til forslag som i stor grad opnar for konsesjonsfrie kjøp av landbrukseigedom. Dei skriv at det opnar for at selskap og sameiger kan kjøpe opp skog- og jordeigedommar og at unntak for konsesjonsbehandling fører til at kravet til personleg eigarskap fell bort.

– Vi meiner regelverket må brukast til å sikre eit nasjonalt, personleg og lokalt eigarskap til naturressursane. Vi har veldig dårlege erfaringar med aksjeselskap som eigarar. Vi ønsker ikkje upersonleg eigarskap til utmarksressursar, seier Lahnstein.